Alle innlegg av Jostein Sande

Til seters!

Søndag 18. juni vandra Dale-geitene til støls, så no er nok ein setersesong i full gang. Sterk sol og varme gjorde at vi nytta kvelden til å gå dei om lag 9 kilometrane. Ein god kvile- og drikkepause i Øyane måtte til etter å ha forsert dei bratte Rindane, og før nye utfordringar opp til Damfossen og vidare fram til Herdalsvatnet. – Som vanleg litt tekniske utfordringar i fjøset, i år har installering av anlegg for kraftfortildeling kravd sitt. Veldig fine beite, geitene ute både dag og natt og avdråtten er god! Litt besøk på setra høyrer sjølvsagt og med, blant anna eit filmteam frå Sør-Korea – med særleg fokus på brunosten.

Les meir om Til seters!

Tidleg til støls i år!

I år kom dei første ”Dale-geitene” til støls 11. juni, og sidan 20. juni er det i alt  kring 370 geit som blir mjølka i fellesfjøsen. Såleis går seterdrifta sin vante gang.

På grunn av pandemien har vi heller ikkje i sommar alle dei vanlege aktivitetane på stølen. På stølsområdet, fjell og dalar i Herdalen byr på fine turruter for både store og små.