Sunndalsfjella – fjell og folk

Frå venstre: Yngve Rekdal, Tor Helge Gravem, Jostein Sande, Beate Homlong, redaktør i Samlaget, John Bjarne Jordal og Nils Torske. Tore Erik Jenstad hadde ikkje høve til å vera tilstades.
Frå venstre: Yngve Rekdal, Tor Helge Gravem, Jostein Sande, Beate Homlong, redaktør i Samlaget, John Bjarne Jordal og Nils Torske. Tore Erik Jenstad hadde ikkje høve til å vera tilstades.

Jostein er elles bokaktuell i haust, som initiativtakar og redaktør for boka Sunndalsfjella – fjell og folk. Sunndalsfjella på Nordmøre er eittav dei mest spektakulære fjellområda i Noreg, og del av det store fjellområdet som gjerne blir kalla det siste intakte høgfjellsøkosystemet i Europa.

Eit eineståande naturmangfald og ei spennande kulturhistorie byr boka på. Boka tek såleis for seg plante- og dyrelivet, men og den langvarige menneskelege aktiviteten i området, buplassar frå steinalderen, fjellgardane, seterdrifta, jakt og fangst og turismen. Boka er ei hylling til fjellheimen og ein dokumentasjon av kvifor store deler av området i 2004 fekk status som  nasjonalpark. Jostein har dyktige fagfolk med seg på laget: Tor Helge Gravem, John Bjarne Jordal, Nils Torske, Yngve Rekdal og Tor Erik Jenstad, alle sønndalingar med eit brennande engasjement for eit fjellområde som fortener ei bok – og ei god forvaltning for framtida. Utgjevar: Samlaget.