Dale Gard

aa_j

Åshild Dale og Jostein Sande har sidan 1983 dreve gard i Dale i Dalsbygda – med seterdrift på Herdalssetra, og 1/6 av den store fjellgarden Herdalen har vore i familiens eige sidan 1700-talet.

Welcome to Dale farm

Gard og seter er også i dag ein heilskap – både i matproduksjon og opplevings- og aktivitetstilbod, agro-/geoturisme. Vertskapet sto i spissen for vassdragsvernet, som dannar grunnlaget for at området har oppnådd verdsarvstatus. Har elles stått sentralt i utviklinga av  organisasjonen Norsk seterkultur – www.seterkultur.no

garden_aashild

Gardsbruket består eigentleg av to eigedomar, bruket i Dale nede i bygda, der tunet ligg 1,5 km frå fjorden – og altså 1/6 av
gnr. 50 Herdalen. Innmarka omfattar i alt 120 dekar, inkludert leigejord på fleire gardar. Noko er bratt og tungdreve, må haustast ved hjelp av tohjula slåmaskin og endatil ljå, men det meste er ”traktormark”. Det meste av garden ligg innafor Geiranger- Herdalen landskapsvernområde, og dermed Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap – del nord.

Dyra er på setra frå midten av juni til midten av september, men også utanom denne tida er det muleg å kome til seters. Frukthage, bær og grønsaksproduksjon og størstedelen av garden er omlagt til økologisk produksjon.

Gardsdrifta er mangfaldig – og krev mange i arbeid: vanleg sommarhjelp både på garden og setra, dessutan praktikantar frå inn- og utland i kortare eller lengre periodar. Internasjonalt engasjement har ført til at Åshild og Jostein  m.a. har vore praksis-vertskap for fredskorpsarar frå Namibia, Etiopia, Tanzania, Honduras og Sri Lanka – som er i Noreg som deltakarar i Utviklingsfondet sitt prosjekt ”Volonteers for sustainable development”.  Desse ungdomane  på garden (og setra) i 4-6 veker. Praktikantar frå fleire europeiske land har og hatt opphald på garden, og slik har Åshild og Jostein utvikla ein internasjonal møteplass med garden og setra som ramme.

Gamle tradisjonar blir haldne i hevd både på garden og setra med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskaramellar. Her kan du som gjest delta på ei vandring i tid, lukt og smak, der du får høyre litt av historia til bygda, garden og setra – spennande informasjon om vikingtidsgarden i Herdalen og dei unike fangstanlegga i fjellet, gå inn i gamle sel og fjøs som høyrer garden til, oppleve ysting og smakebitar av ost og karamell av mange slag. Også på garden kan gjestar få del i tilsvarande opplegg, med plass til grupper opp til ca. 50 deltakarar.

Welcome to Dale farm!