Historia

Herdalsetra 1905
Samling på ”Geitakyrkja” ca. 1905. Denne bergknausen var samlingsstaden dei søndagane det ikkje var ”dalspreike”. Dalskyrkja (også nemnt Dale kyrkje eller Norddal kyrkje) var – og er – hovudkyrkja i soknet, og mila ned til kyrkje gjekk budeiene annankvar søndag.

Herdalen er ein gamal matrikkelgard – gard nr. 50 – i Norddal kommune. Garden blir nemnt i skriftlege kjelder først på 1600-talet (1603), og midt på 1600-talet hadde garden tre brukarar.

Eigedomen omfattar kring nærare 50.000 dekar, og er såleis ein stor gard. Busetnaden går visseleg lenger attende enn 1600-talet, truleg vart Herdalen oppteken som gard i vikingtida (ca. 800-1000) – for meir enn 1000 år sidan. Fleire fangstanlegg – det største på fjellet Litlejorda – fortel jamvel ei enda eldre soge – om omfattande utøving av jakt og fangst for mange tusen år sidan.

Den faste busetnaden gjekk ut tidleg på 1700-talet, og sidan har garden vore brukt til seter og hamning for gardar nede i Dalsbygda og ved fjorden. Dei seks leiglendingane i Dale kjøpte Herdalen på ein auksjon sist på 1700-talet, delte garden i seks like delar – og eigedomen har sidan vore delt i 6 eigarpartar. Leiglendingsfamiliane i Dale vart oppsagt, og måtte flytte frå gardsbruka i Dale – men eigdedomretten til Herdalen fekk dei sjølvsagt med seg. Eit forlik med dei nye eigarane i Dale ei tid utpå 1800-talet førte til at eit tilsvarande tal bruk i Dale fekk evigvarande seterrett knytt til desse eigarpartane. Og gjennom gåver, medgifte og handel har eigarrettane til Herdalen skifta. Gjennom historia har såleis minst 15 gardsbruk setra i Herdalen, basert på ulike eigar- og leigartilhøve. Fram til 1960, da 14 gardsbruk etablerte partslaget Herdal Beitelag og bygde fellesfjøs for om lag 160 geit og 50 kyr, var det ”individuell” drift – dvs. buskap i kvart sitt fjøs og setrejenter i kvart sitt sel.

Samarbeid og samvirke var likevel viktig også i eldre tider – slik vart vegen opp frå bygda gradvis opprusta og eit velutstyrt setermeieri halde i drift. Fram til første verdskrigen produserte meieriet smør, som jamvel vart eksportert til England, sidan var det ysteri – osteproduksjon – heilt til 1955. Etter den tid har det meste av mjølka vorte transportert til større meieri.  Inntil vegen langs Herdalsvatnet vart ferdig (1959) måtte mjølkespanna køyrast med hest ned til vatnet og så roast til heimste osen, der traktor og tilhengar tok over. Med utbygginga av fellesfjøsen og vegen heilt til støls, vart det traktortransport heile vegen – vidare mjølkebåten til meieriet på Stranda. Sidan 1977 har det vore kjøletankar i fjøsen og tankbilen har henta mjølka.

Fellesfjøset har vore påbygd og modernisert i fleire etappar, særleg mykje vart gjort i 1989. Beitelaget vart også omorganisert da, med sju aktive eigarar. På den tida nådde talet på geit toppen – 460 geit, frå i alt seks buskapar. Landets suverent største fellesfjøs for geit! Siste åra har det ikkje vore mjølka kyr i Herdalen, og berre tre av dei sju eigarane i beitelaget har mjølkproduksjon i Herdalen – talet på mjølkegeit ligg no på om lag 300, og i tillegg ein del kje.