Budeier og huldrer

budeie

Fram til ”det store hamskiftet”  – fellesfjøsen (1960) – rådde 12-14 setrejenter/ budeier grunnen på Herdalssetra.

Ein arbeidsplass og eit fellesskap prega av stort ansvar og sterkt samhald, der unge jenter hadde sin første ”jobb” heimanfrå, eit unikt kvinnefellesskap som dei fleste tenkjer attende på med gode kjensler. Ein skal ikkje romantisere seterlivet, men setra har avgjort vore viktig for kvinnene sin plass og status i det norske bondesamfunnet. Budeiene på setra tok ansvar for dyra – og for foredlinga av mjølka til dei produkta som gjorde at folket på gardane kunne møte vinteren med nok mat til små og store. ”Handboren kompetanse” gjennom generasjonar gjorde det mogeleg å berge liv gjennom lange vintrar. – Mangt har endra seg, på Herdalssetra som på andre stølar, men også dei hundretals budeiene som har arbeidd ansvarsfullt i fellesfjøsen sidan den sto ferdig i 1960 har fått del i den status som ansvaret for dyr og avdrått ga!

Og framleis er budeiejobbane på Herdalssetra attraktive, og dei mange som ynskjer ein slik sommar representerer håp for både framtidig seterdrift og innsats for dei samla verdiane seterkulturen står for.