Geoturisme

Ferdsel og turisme i Herdalen har lange tradisjonar.

 Born bankar osten glatt og kald før den blir hatt i forma.

Frå gamalt batt ”hellevegen” gjennom Herdalen og austover over Slettdalsreset fjordbygdene her saman med  grender og bygder i Ottadalen. Og tidleg var engelske turistar på fiske og reinsjakt i Herdalsfjella. Sommars dag har det sjølvsagt alltid vore folksamt på ein slik mangbølt og tettbygd støl. Og sidan det vart god veg heilt til støls har setra og områda kringom vore eit særleg tilgjengeleg og ynda turmål. Dei siste 25 åra – frå grunneigarlaget si deltaking i det nasjonale pilotprosjektet ”Prosjekt Utmarksutvikling” – har turismen vorte meir organisert, med m.a. servering av stølskost i ”Kaffistova” , tilbod om overnatting i gamle sel og andre seterhus, guida fjellturar, familieleirar, seterkurs, grøn omsorg, betre organisering av fiske og jakt og omvising med ysting, historie og smakebitar.

Det siste har vorte vidareutvikla til ”ei vandring i tid, lukt og smak”, der grupper som tingar på førehand får ei innføring i m.a.historie, seterkultur i vid tyding, dyra på setra, foredling av mjølk og landbruk meir generelt – og smaksprøvar av eit heilt spekter ostar, med særleg vekt på produkt av geit. Geitmjølskaramellen går sjølvsagt og inn i dette. Røynslene ein har gjort på Herdalssetra har og kome andre til gode, gjennom studiegrupper på besøk, foredrag på seminar og konferansar og forskingsarbeid. Spiren til det som i 1997 vart til prosjektet ”Norsk senter for seterkultur” og sidan interesse- og nettverksorganisasjonen Norsk seterkultur har óg si rot i røynsler frå Herdalssetra – og Åshild Dale var initiativtakar til dette. Mykje av det Herdalssetra har tilbydd – og tilbyr – går godt saman med omgrepet geoturisme som har dukka opp i seinare tid.

Kva er geoturisme?
National Geographic Society definerer geoturisme som ”Turisme som ivaretek, forsterkar og framhevar eigenarten til ein stad – miljø, kultur, estetikk, kulturarv – og som kjem lokalsamfunnet til gode.”

Gjennom signeringa av National Geographics geoturisme-charter har Innovasjon Norge sett fokus på geoturisme på eit nasjonalt nivå. Lokalt har mange jobba med geoturisme som plattform for næringsutvikling over lengre tid, det gjeld ikkje minst mange setre landet over – mellom dei Herdalssetra.

Lekkjer:

National Geographic Resource Center

Norsk Økoturisme

Norsk seterkultur