Naturarven

naturarvenx

Herdalen med Herdalssetra er ein sentral del av eit samanhengande urørt fjellområde, der vern av vassdraga har sikra området mot store og øydeleggjande inngrep.

Kampen mot kraftutbygging var hard og krevjande, men vart krona med siger då Norddalsvassdraget og Geirangervassdraget kom med i verneplan 4. – Dei store verdiane dette natur- og kulturlandskapet representerer er no sikra for framtida gjennom Stortinget sitt vedtak om Geiranger – Herdal landskapsvernområde (2004). I tillegg til desse fjellområda, omfattar dette landskapsvernområdet Geirangerfjorden og deler av Sunnylvsfjorden. Og landskapsvernområdet dannar vidare grunnlaget for verdsarvområdet – som fekk plass på Unesco si prestisjetunge liste i juli 2005.