Dyra kjem til støls i tur og orden  - oftast frå slutten av mai. Hestar og sauer er gjerne først, sidan kjem geitene og kyr (tørre) og kalvar i løpet av juni. Midt i september er oftast setersesongen over for geitene, kulde og surver går lett ut over produksjonen – så det ber heimatt til gards. Sauer og hestar er gjerne litt lenger. Dyra ”regjerer” på stølen og områda kringom, dei skaper eit særmerkt miljø, gir ei ro og ein trivsel som er sjeldan i dag.

Dyra har på mange måtar forma Herdalen, omfattande beiting av alle husdyrslag gir som resultat eit ope landskap – men med stor artsrikdom. På ei rute på 10m x 10m, på Bøen – ikkje langt frå brua over elva, har botanikarar påvist heile 54 ulike planteartar! Eit verdfullt biologisk mangfald – skapt og halde vedlike av dyra som kvar sommar beiter der.

Saftig beite for geit og kje
Fine trillinglam, sauer er også ”ålreite” dyr.
Fleire bilete av dyra på setra

Herdalssetra – 6214 Norddal – Tlf. 70 25 91 08 – Faks 70 25 91 57 - Mobil 97 01 20 35 – E-post: aashildd@online.no jossande@online.no