![]() |
|||||||
![]() |
I ostehuset attmed gamle Daleselet blir det ysta på gamlemåten, mest for å halde tradisjon og kunnskap ved like. Det meste av mjølka går til meieriet i Ørsta. Frå Herdal Sæterysteri vart nedlagt (1955 siste året i drift) var det mange år ikkje foredling av mjølk på Herdalssetra. Men i løpet av 1980-åra vart tradisjonane tekne opp att, og no blir ein del geitmjølk foredla både til kvit og brun ost og til ”Herdalskaramelle”. Det siste produktet har óg lange tradisjonar, særleg når familiane var på setra for å gjera slåtten var det vanleg at borna laga slikt godteri i ei lita panne på omnen. Ja, budeiene hadde óg karamell til snop. Det ”nye” er at det no blir koka karamell i den store ostegryta både etter gamal oppskrift og nyare variantar med honning, urter og/eller hasselnet. Formidling er eit viktig mål med den foredlinga som i dag føregår på setra. Ein prøvar å halde seg til dei framgangsmåtar og ideal som skapte ”Herdalsosten”, viser fram gamalt utstyr og reiskap, og ein fortel litt om meieri og ysteri-historia på stølen - og besøkjande grupper får sjølvsagt smake produkta frå den eldgamle jarngryta. Diverre er det ikkje råd tilfredsstille all etterspørselen etter ost når den skal produserast i vedafyrt gryte og rørast med handmakt. Ein fire kilos ost krev minst 6-7 timar fyring og røring! Men karamellen av geitmjølk blir selt, pakka i treøskjer, som ”ferdaminne” frå Herdalssetra. I formidlinga blir det elles lagt vekt på å syne samanhengen mellom gamle tradisjonar og dagens mjølkprodukt, særleg brunosten. Mjølka frå setra går elles til produksjon av Snøfrisk ved Tine sitt meieri i Ørsta - både kremost i fleire variantar og fast ost. På Herdalssetra blir det sjølsagt slått eit slag for desse velsmakande ostane som jamvel blir eksportert i store kvantum! |
||||||
Frå kurs i ysting. Kvitosten blir teken ut. |
|||||||
![]() |
|||||||
Den gamle forma av bjørketeger vert framleis brukt. |
|||||||
Fleire bilete av foredling av mjølk |
|||||||
Herdalssetra 6214 Norddal Tlf. 70 25 91 08 Faks 70 25 91 57 - Mobil 97 01 20 35 E-post: aashildd@online.no jossande@online.no |
|||||||