![]() |
||||||
Garden |
||||||
![]() |
Åshild Dale og Jostein Sande har sidan 1983 dreve gard i Dale i Dalsbygda - med seterdrift på Herdalssetra, og 1/6 av den store fjellgarden Herdalen har vore i familiens eige sidan 1700-talet. Gard og seter er også i dag ein heilskap både i matproduksjon og opplevings- og aktivitetstilbod, agro-/geoturisme. Vertskapet sto i spissen for vassdragsvernet, som dannar grunnlaget for at området har oppnådd verdsarvstatus. Har elles stått sentralt i utviklinga av organisasjonen Norsk seterkultur www.seterkultur.no Gardsbruket består eigentleg av to eigedomar, bruket i Dale nede i bygda, der tunet ligg 1,5 km frå fjorden og altså 1/6 av gnr. 50 Herdalen. Innmarka omfattar i alt 120 dekar, inkludert leigejord på fleire gardar. Noko er bratt og tungdreve, må haustast ved hjelp av tohjula slåmaskin og endatil ljå, men det meste er ”traktormark”. Det meste av garden ligg innafor Geiranger- Herdalen landskapsvernområde, og dermed Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap del nord. Dyra er på setra frå midten av juni til midten av september, men også utanom denne tida er det muleg å kome til seters. Frukthage, bær og grønsaksproduksjon og størstedelen av garden er omlagt til økologisk produksjon. Gardsdrifta er mangfaldig og krev mange i arbeid: vanleg sommarhjelp både på garden og setra, dessutan praktikantar frå inn- og utland i kortare eller lengre periodar. Internasjonalt engasjement har ført til at Åshild og Jostein m.a. har vore praksis-vertskap for fredskorpsarar frå Namibia, Etiopia, Tanzania, Honduras og Sri Lanka som er i Noreg som deltakarar i Utviklingsfondet sitt prosjekt ”Volonteers for sustainable development”. Desse ungdomane på garden (og setra) i 4-6 veker. Praktikantar frå fleire europeiske land har og hatt opphald på garden, og slik har Åshild og Jostein utvikla ein internasjonal møteplass med garden og setra som ramme. Gamle tradisjonar blir haldne i hevd både på garden og setra med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskaramellar. Her kan du som gjest delta på ei vandring i tid, lukt og smak, der du får høyre litt av historia til bygda, garden og setra spennande informasjon om vikingtidsgarden i Herdalen og dei unike fangstanlegga i fjellet, gå inn i gamle sel og fjøs som høyrer garden til, oppleve ysting og smakebitar av ost og karamell av mange slag. Også på garden kan gjestar få del i tilsvarande opplegg, med plass til grupper opp til ca. 50 deltakarar. |
|||||
![]() |
||||||
Åshild i ysteriet/”karamelleriet”. Her blir kvitosten teken opp i den eldgamle forma av bjørketeger, og så blir mysa tilsett litt heilmjølk eller fløyte, koka inn til brunost. Karamellar blir også koka i den same jerngryta utanom setertida. |
||||||
![]() |
||||||
Grupper får smake mange mjølkeprodukt - både lokalt produsert og frå Tine. Drikke av råvarer frå frukthagen høyrer óg med |
||||||
![]() |
||||||
Pølser, mør, pinnekjøt og speka lår til tørk og modning oppe under stabburstaket |
||||||
![]() |
||||||
Godt stell! Jane - fredskorpsar frå Tanzania - gir eit nyfødd kje
|
||||||
Herdalssetra 6214 Norddal Tlf. 70 25 91 08 Faks 70 25 91 57 - Mobil 97 01 20 35 E-post: aashildd@online.no jossande@online.no |
||||||