![]() |
|||||||||||||
|
|
|||||||||||||
![]() |
|||||||||||||
![]() |
|||||||||||||
- MangesysleriÅshild Dale og Jostein Sande har vore og er - engasjert i mangt og mykje også utanom gard og seter. Båe skriv og har levert artiklar til tidsskrift og blad - og større og mindre bolkar til bøker. Åshild fotograferer mykje og har eit rikhaldig fotoarkiv som også andre nyter godt av. Jostein er faghistorikar og har m.a. skreve fleire bygdabøker Sunndalsboka bd.6-8: Tid som var 1981, Tid i endring 1984 og Tidsskifte 2000 (til saman bygdahistoria frå steinalder til 1980-åra) og Stordalsboka bd. 1 Skiftande tider (steinalder til 1920). Jostein var elles medforfattar i boka Dovrefjell (Grøndahl-Dreyer 1994).Herdalssetra kan du lese meire om her. |
|||||||||||||
Stor reportasje i FamilienPDF-fil |
|||||||||||||
Ei reise tilbake i tidBiletet vårt av Afrika inneheld gjerne mest tørke, krig, fattigdom og svolt, berre ispedd praktfulle soloppgangar og solnedgangar. Men kjem ein dit, finn ein fort ut at biletet er så mykje meir mangfaldig, eit enormt kontinent som eigentleg har alt å by på.Og Etiopia, som vi var så heldige å kome til, er neppe det minst mangfaldige landet i Afrika, enormt stort i areal og med eit folketal som har passert 80 millionar. Les artikkel frå Storfjordnytt (pdf) Olympiade der Käse aus den BergenNyleg vart Herdalsosten presentert under olympiaden for fjellost i Oberstdorf i Tyskland. |
Ny bok!Sunndalsfjella fjell og folkJostein er elles bokaktuell i haust, som initiativtakar og redaktør for boka Sunndalsfjella fjell og folk. Sunndalsfjella på Nordmøre er eittav dei mest spektakulære fjellområda i Noreg, og del av det store fjellområdet som gjerne blir kalla det siste intakte høgfjellsøkosystemet i Europa. Eit eineståande naturmangfald og ei spennande kulturhistorie byr boka på. Boka tek såleis for seg plante- og dyrelivet, men og den langvarige menneskelege aktiviteten i området, buplassar frå steinalderen, fjellgardane, seterdrifta, jakt og fangst og turismen. Boka er ei hylling til fjellheimen og ein dokumentasjon av kvifor store deler av området i 2004 fekk status som nasjonalpark. Jostein har dyktige fagfolk med seg på laget: Tor Helge Gravem, John Bjarne Jordal, Nils Torske, Yngve Rekdal og Tor Erik Jenstad, alle sønndalingar med eit brennande engasjement for eit fjellområde som fortener ei bok og ei god forvaltning for framtida. Utgjevar: Samlaget.
Frå venstre: Yngve Rekdal, Tor Helge Gravem, Jostein Sande, Beate Homlong, redaktør i Samlaget, John Bjarne Jordal og Nils Torske. Tore Erik Jenstad hadde ikkje høve til å vera tilstades. |
||||||||||||
|
|
|||||||||||||
Herdalssetra 6214 Norddal Tlf. 70 25 91 08 Faks 70 25 91 57 - Mobil 97 01 20 35 E-post: aashild@online.no jossande@online.no |
|||||||||||||