![]() |
||
Olympiade der Käse aus den Bergen |
||
![]() |
||
Stadig fullt framfor den norske hytta. Her blir Ingunn intervjua direkte på den store TV-kanalen ARD Bayerische Rundfunk, med det resultatet at enda fleire kom for å smake dei norske oste-spesialitetane. |
||
|
Nyleg vart Herdalsosten presentert under olympiaden for fjellost i Oberstdorf i Tyskland. På kort varsel reiste Åshild og Jostein og dotra Ingunn sørover søkklasta med både eigne ostar og ost frå Gammelsetra i Grøvudalen og Torbuvollen i Sunndal (Seterlandet Sunndal www.seterlandet.no) og i tillegg Snøfrisk og brunost frå Tine. I Oberstdorf slutta tidlegare Herdalsbudeie Ursula Offenberger seg til troppen. - Alt av ost og informasjon vart svært godt motteke, og den norske bua med skiltet ”Alm Herdalssetra West-Norwegen” hadde vært godt besøk, også av fleire TV- og radiokanalar. Dei tre dagane med fjellost-olympiade samla kring 50.000 besøkande i skibyen og programmet omfatta fleire seminar, ekskursjonar, fesjå, konsertar og ein store parade gjennom gatene. Etterpåmeldt blant over 700 andre deltakande ostar oppnådde brunosten frå Herdalssetra 19,1 av 20 oppnåelege poeng. Ikkje medalje, men god poengplass vart altså dommen frå den store juryen (85 dommarar). Sjølv med dryg overlast på flyet heldt det ikkje med berre seterprodusert ost, det høvde godt å presentere liknande produkt frå Tine: Snøfrisk smørbar og fast, Ekte geitost (brun) og Ski-Queen (G35). Og at desse produkta har ein marknad også ute er sikkert. Noreg og norsk ost har god klang i Tyskland. ”I love Norway, brunost and Ole Einar Bjørndalen”, vart det ropt. Snøfrisk blir produsert i Ørsta, av mjølk frå geit på Sunnmøre og i Nordfjord som beiter i flogfjell, og det er verdt å merke seg at merkevara Snøfrisk har slik kraft at brunosten frå Herdalssetra i dei høgtidelege dokumenta frå juryen vart kalla ”Snofrisk brown”! |
||
Herdalssetra 6214 Norddal Tlf. 70 25 91 08 Faks 70 25 91 57 - Mobil 97 01 20 35 E-post: aashild@online.no jossande@online.no |
||