![]() |
||||||
OlavsrosaDet opplevingstilbodet Åshild Dale og Jostein Sande har utvikla på Herdalssetra med utgangspunkt i deira gamle seterhus er tildelt Olavsrosa. Dette kvalitetsmerket blir tildelt ulike opplevingstilbod med basis i kulturarven etter strenge kriteriar. Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven. Olavsrosa er det leiande varemerket for opplevingstilbod med basis i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling. Olavsroseinnehavarane er fyrtårna i Norsk Kulturarv, og vil i alle samanhengar stå sentralt både i profilering og markedsføring av kulturarvopplevingar for eit breitt publikum. Olavsrosa symboliserer stor respekt for fortida, men også glede, nytte og spennande opplevingar i dag. Innehavarane av Olavsrosa forpliktar seg til å vere gode ambassadørar for ein levende kulturarv og til å formidle historia til gjestene sine. Sjølve symbolet Olavsrosa byggjer på valknuten eit gammalt symbol for vern, som er kjent både frå Norge og utlandet. Olavsrosa våre beste opplevingar Kvalitetsvurdering
Kvalitetsmerket er underlagt årleg kontroll, og alle innehavarar av Olavsrosa leverer årlege rapportskjema. |
![]() |
|||||
Herdalssetra 6214 Norddal Tlf. 70 25 91 08 Faks 70 25 91 57 - Mobil 97 01 20 35 E-post: aashildd@online.no jossande@online.no |
||||||