![]() |
|||||||||
Tenk klima! |
|||||||||
Velkomen til Herdalssetra og Dale gard 49/11 |
|||||||||
![]() |
|||||||||
|
Herdalssetra ligg i hjartet av verdsarvområdet - Vestnorsk fjordlandskap, der del nord er så å seie identisk med Geiranger-Herdalen landskapsvernområde. Varig vern av vassdrag og landskap dannar grunnlaget for plassen på World Heritage List, som omfattar verdas viktigaste natur- og kulturarv. Gamle tradisjonar blir haldne i hevd med ysting av brun og kvit geitost og produksjon av ekte geitmjølkskaramellar. Her kan du som gjest delta på ei vandring i tid, lukt og smak, der du er innom "den gamle garden" historia om dei mange gamle hustuftene, gamle sel og fjøs, ysting og smaking av ost, og får informasjon om den "moderne" fellessetra frå 1960. Herdalen sine mange elver og vatn er varig verna mot kraftutbygging, og byr på fint fiske. Du kan leige båt og prøve fiskelykka. Herdalen har spor etter busetjing frå tidleg fangstkultur, m.a. store fangstanlegg for rein. Kallskaret naturreservat kjent for spennande geologi - ligg om lag 2 timars fottur frå Herdalssetra, og er også vel verdt eit besøk. Åshild Dale og Jostein Sande har sidan 1983 dreve gardsbruk i Dale gnr. 49/bruk nr. 11 - med seterdrift på Herdalssetra, og 1/6 av den store fjellgarden Herdalen gnr. 50 - har vore i familiens eige sidan 1700-talet. Gard og seter er også i dag ein heilskap både i matproduksjon og opplevings- og aktivitetstilbod, agro-/geoturisme - økoturisme. Dyra er på setra frå midten av juni til midten av september, men også utanom denne tida er det muleg å kome til seters. |
|||||||||
Levande stølslandskap ein sentral del av Geranger-Herdal landskapsvernområde, som dannar grunnlaget for verdsarvområdet ”Vestnorsk fjordlandskap del nord”. På sletta midt på biletet er det minst 12 hustufter, spor etter gardstun med røter attende til vikingtida. |
|||||||||
![]() |
|||||||||
Ost og karamell av geitmjølk. |
|||||||||
![]() |
|||||||||
Kallskaret særmerkt landskap og spennande geologi. Verna som naturreservat. |
|||||||||
![]() |
|||||||||
Åshild Dale og Jostein Sande. Foto: Ole G. Hertzenberg. |
|||||||||
Herdalssetra 6214 Norddal Tlf. 70 25 91 08 Faks 70 25 91 57 - Mobil 97 01 20 35 E-post: aashildd@online.no jossande@online.no |
|||||||||