Så er nok ein setersommar over. 20. september vandra Dale-geitene heim, etter å ha vore på setra sidan 11. juni, og nytt ein fin sommar.
Mykje av tida har geitene vore i lag med «budeiene» Brona og Isaac frå Spania (veterinærstudentar frå Barcelona) og Antoine (landbruksstudent frå Frankrike). Vandra er forresten ikkje rette ordet, fleirtalet av dei sprang – i år som i fjor! Hadde ikkje tid til å nyte godsakene langs vegen. Og såleis vart dei tobeinte som følgde og tok i mot sett på prøve! Desse var: Christin og Nils, Antoine, praktikantane Marie og Julia frå Austerrike, og sjølfolket Åshild og Jostein. – Og i dag, 2. oktober, kom dei siste 12 kjea/unggeitene i hus, etter å ha halde til i frukthagane kring husa dei siste vekene. Så da er vel sommaren over …




