Mangfaldig sommar

Ein fin, mangfaldig og minnerik sommar er over, og her er eit lite utval av bilete frå sommaren 2025. Aktivitetar og gjestar – til gards og til seters – prega også denne sommaren. Cruise-turistane tok oss i mot på garden, der innføring i ysting, vandring i hagen, ostebord og opplevingar med kje høyrer med. Andre tok turen til seters, der det både var kurs i ysting og markering av at området fekk Unesco-status for 20 år sidan og at norsk og svensk seterkultur vart skreve inn på Unesco-lista over immaterielle kulturarv i desember 2024.