Årstidene

aarstid

Seterlivet høyrer sjølsagt først og fremst sommaren til. Men hausten, vinteren og våren på setra byr óg på fine opplevingar.

Bærplukking, fiske og jakt høyrer gjerne ettersommaren og hausten til. Grunneigarane i Herdalen driv særleg hjortejakt, med løyve til å felle 12 dyr. Når store dyr er felt i Bjønnsteinsmarkene, Hjellane eller Flyene lengst inne i Herdalen kjem gjerne fjordingane til hjelp med transporten. Fossar og venene hans kjenner råsene og trivst som kløvhestar. –  Elles er det småviltjakt – der grunneigarlaget sel jaktkort.

Når folk og dyr flyttar heim etter setersommaren, ”flyttar huldra inn”. Ein burde vel ikkje uroe huldrefolket så mykje utover hausten og vinteren. Men det er vanskeleg å halde seg, og bankar ein fleire gonger på døra, gjev seg tid før ein opnar og uroar minst mogeleg, så blir nok endatil ein tur i jula eller nyårshelga akseptert. Men ein skal oppføre seg fint! – Når hausten byr på berrfrost kan vegen til setra vera køyrbar heilt til jul. Og før snøen legg er det gjerne fin skeiseis både på vatn og elvar. Midtvinters er dagane korte, men det særeigne ljoset, speglinga i Herggja frå solnedgangen ute i havet og songen frå frosne elvar og fossar er ei oppleving! Vegen til Herdalen er ikkje brøytt om vinteren, men når veret er kaldt og stabilt er det ein fin skitur dei 9 km opp frå bygda. Utpå vinteren kan snømassane nærast dekkje seterhusa, ein kan jamvel gå på ski over taka.

Det er tidleg bert på sjølve stølen og på markene heimanfor. Vind og sol gjer at våren kjem tidlegare der enn i stranda langs vatnet og i heimste Osen. Vegen langs vatnet er gjerne sperra av djupe fonner til langt uti mai. Ei utfordring for dei som gjerne vil koma fram med traktor og reiskap for å gjera våronn! Men fint for den som vil gå ein vårtur på ski fram langs vatnet – og nyte angen av spirande vokstrar på stølen og gryande fugleliv i vårsola – før motordur bryt stilla.