Endeleg til seters!

16. juni vart dagen for «seterjaging» i år. Det var som om geitene forsto kva som skulle skje og gledde seg. Likevel snudde dei nokre gonger og sprang ned att i fjøset før dei la i veg framover – og etter tre timar var vi frame på setra. Ein fin jagardag, ikkje for varm. Dei bratte bakkane er krevjande for både dyr og folk, i allefall i solsteik. Det slapp oss i år, grått og litt regn innimellom. Men fint å ta små pausar for å halde flokken samla, og for å nyte turen. Så er det berre å håpe på ein fin sommar!

Snart ber det til seters att!

Både dyr og folk lengtar til setra! Og den tidlege våren gjer at arbeidet med å få alt i stand til setersommaren 2024 er i full gang. Håpet er å kunne ta fatt på setervegen snart. Men først må sel og fjøs settast i stand og mykje gjerde vølast og fornyast etter vinteren. Det krev mykje innsats å ha eit «driftssenter» i fjellet i tillegg til det ein har heime, og vona er at fornyinga av fjøset, som starta for fullt i 2022, vil bli fullført dette året. Både folk og dyr ser fram til minst tre månader på setra!

Til seters!

Søndag 18. juni vandra Dale-geitene til støls, så no er nok ein setersesong i full gang. Sterk sol og varme gjorde at vi nytta kvelden til å gå dei om lag 9 kilometrane. Ein god kvile- og drikkepause i Øyane måtte til etter å ha forsert dei bratte Rindane, og før nye utfordringar opp til Damfossen og vidare fram til Herdalsvatnet. – Som vanleg litt tekniske utfordringar i fjøset, i år har installering av anlegg for kraftfortildeling kravd sitt. Veldig fine beite, geitene ute både dag og natt og avdråtten er god! Litt besøk på setra høyrer sjølvsagt og med, blant anna eit filmteam frå Sør-Korea – med særleg fokus på brunosten.

Les meir om Til seters!