Setermiljøet

setermiljo

Med sine om lag 35 små og store hus – samla i ei tett klynge, er Herdalssetra ein svært særmerkt seterstøl.

Mange tufter syner at det har vore mange fleire hus, noko óg både segn og soge og dei eldste fotografia dokumenterer. Husa på stølen høyrer til gardar i Dalsbygda, men óg gardar på nordsida av fjorden. Muri i Valldalen og Nerhus i Fjørå har setra i Herdalen og har dermed seterhus der. Fleire av sela og fjøsa er gamle, meir enn 200 år, og dei fleste er tekne godt vare på. Seterhusa er bygd på ein av dei få fonntrygge stadane i dalen, difor er dei bygd så tett i hop. – Sidan setra er i full drift med ein stor geitflokk – og hundretal andre dyr som beiter på og kring stølen – sau, kyr og hestar – er Herdalssetra eit verkeleg levande setermiljø. Og til alle tider har mykje folk søkt til støls her, så sommars dag er det eit yrande liv av både folk og dyr.