Lang setersommar!

21. september var det tid for å flytte heim frå setra. Såleis fekk geitene vere over tre månader på setra i år! Ein fin sommar for både dyr og folk! Fine minne å ta med inn i vinteren, til inspirasjon fram mot ein ny vår og setersommar. Sommaren bau og på mange kjekke besøk på gard og seter, og frå «alle verdas kantar» kom gjestane.

Alt tidleg i mai kunne oss ynskje kjekke gjestar frå cruiseskip velkomne til gards, og sidan gjekk det slag i slag til sist i oktober. Innimellom dukka det og opp film- og TV-team, bl.a. frå Sør- Korea. Dei hadde fokus på brunosten, som no er i ferd med å gjera sitt inntog i dei traktene! Heile prosessen vart dokumentert, alt på gamlemåten, slik setra kan by på.