Norsk og svensk seterkultur skreve inn på lista over verdas kulturarv

23. september var det slutt på ein lang og god setersommar for geitene våre. To dagar seinare la snøen ….Godt over tre månader fekk Dale-geitene på setra i år! Dei fleste var ivrige på heimturen, andre dukka ikkje opp til siste mjølkinga. Dermed måtte eldste «gjetarguten» (Jostein) leggje i veg for å finne dei…. med knall og fall som resultat, og avrevne musklar i skuldra som resultat. Dei 9 kilometrane heimover gjekk så det bles, og i eit forsøk på å kome framom dei ivrigaste unggeitene gjekk det hard ut over venstre akilles på nemnde gjetargut…. Ja, det er vel ein del av «seterkulturen» dette og!

No er det ro i fjøset, før kjeing i februar/ mars.

4. desember vart norsk og svensk seterkultur skreve inn på lista over verdas kulturarv. Norsk seterkultur (NSK) i spissen for søknaden, og kjekt å tenkje på at det var Åshild som dro i gang dei prosjekta som vart til NSK i 1999! Sidan dukka tanken om Unesco-status opp. Og saman med gode samarbeidspartnarar i Noreg og Sverige har NSK lukkast med ein omfattande søknad, som den svenske regjeringa overleverte Unesco. Statusen forpliktar sjølvsagt seterbrukarane og landbruket vårt, og ikkje minst styresmaktene våre! Ei driftsform og livsform som har forma landet og kulturen på så mange plan fortener ei FRAMTID!

Screenshot