Kategoriarkiv: Nyhende

Vi ser fram til setersommaren 2022

Sjølv om snøen lavar ned første veka i april, og seterlandet er dekt av djup snø, kan ein drøyme om nok ein sommar på setra. Kjeinga er stort sett unnagjort, ein ny generasjon kje er klare til å nyte seterlivet, og planlegginga av fleire tiltak på setra er i gang. Håpet er å få geitene til støls før midta av juni, til frodige beite og ny mjølkestall! Også andre fornyingar av fjøset står for tur, men store fonner over vegen kan hefte framdrifta i dette arbeidet.

Tidleg til støls i år!

I år kom dei første ”Dale-geitene” til støls 11. juni, og sidan 20. juni er det i alt  kring 370 geit som blir mjølka i fellesfjøsen. Såleis går seterdrifta sin vante gang.

På grunn av pandemien har vi heller ikkje i sommar alle dei vanlege aktivitetane på stølen, men Kaffistova er i sving med dagleg opningstid 12.00 – 16.00. Der er det mat og drikke å få kjøpt. Og både stølsområdet og fjell og dalar i Herdalen byr på fine turruter for både store og små.

Første tur til kveldsbeite i år, Dronningruta!

På grunn av pandemien har vi ikkje dei vanlege aktivitetane på Herdalssetra i år. Men seterdrifta går sin vante gang og vi vonar å halde Kaffistova opa dagleg 12.00 -16.00 fram til midt i august. Dei første geitene kom til støls 18. juni og og sidan har fleire dyr slutta seg til flokken som får nyte beita i Herdalen i år. Denne sommaren tel buskapen med mjølkegeit over 380! I tillegg skaper ein liten flokk kje ”liv og røre”, til glede for både små og store som vitjar setra.