Som i fjor, 11. juni kom første geitflokken på setra! Etter nokre dagar med «rigging», vasking av mjølkestall, tankrom og alt av utstyr var den store dagen komen. Ein høveleg dag, ikkje for heitt og sola ikkje for skarp. Flokken tel knapt 150, mange veteranar, men også ein flokk unggeit som ikkje har vore på setra før. No gjeld det å finne dei saftigaste beita og kome inn i rutinane i fjøset!



















