Alle innlegg av 6214Herdal

Endeleg til støls!

Det vart sein seter-flytting i år. Sein vår og omfattande ombygging avfjøset får ta skulda. No får i allefall geitene nyte fjellbeitet, og ta utfordringa med ny mjølkstall – der det no blir mjølka om lag 370 geit. I kkje likaste sommarveret så langt, men både folk og dyr set lit til at seinsommaren og hausten blir fin!

Vi ser fram til setersommaren 2022

Sjølv om snøen lavar ned første veka i april, og seterlandet er dekt av djup snø, kan ein drøyme om nok ein sommar på setra. Kjeinga er stort sett unnagjort, ein ny generasjon kje er klare til å nyte seterlivet, og planlegginga av fleire tiltak på setra er i gang. Håpet er å få geitene til støls før midta av juni, til frodige beite og ny mjølkestall! Også andre fornyingar av fjøset står for tur, men store fonner over vegen kan hefte framdrifta i dette arbeidet.

Første tur til kveldsbeite i år, Dronningruta!

På grunn av pandemien har vi ikkje dei vanlege aktivitetane på Herdalssetra i år. Men seterdrifta går sin vante gang og vi vonar å halde Kaffistova opa dagleg 12.00 -16.00 fram til midt i august. Dei første geitene kom til støls 18. juni og og sidan har fleire dyr slutta seg til flokken som får nyte beita i Herdalen i år. Denne sommaren tel buskapen med mjølkegeit over 380! I tillegg skaper ein liten flokk kje ”liv og røre”, til glede for både små og store som vitjar setra.