Alle innlegg av 6214Herdal

Sunndalsfjella – fjell og folk

Frå venstre: Yngve Rekdal, Tor Helge Gravem, Jostein Sande, Beate Homlong, redaktør i Samlaget, John Bjarne Jordal og Nils Torske. Tore Erik Jenstad hadde ikkje høve til å vera tilstades.
Frå venstre: Yngve Rekdal, Tor Helge Gravem, Jostein Sande, Beate Homlong, redaktør i Samlaget, John Bjarne Jordal og Nils Torske. Tore Erik Jenstad hadde ikkje høve til å vera tilstades.

Jostein er elles bokaktuell i haust, som initiativtakar og redaktør for boka Sunndalsfjella – fjell og folk. Sunndalsfjella på Nordmøre er eittav dei mest spektakulære fjellområda i Noreg, og del av det store fjellområdet som gjerne blir kalla det siste intakte høgfjellsøkosystemet i Europa.

Eit eineståande naturmangfald og ei spennande kulturhistorie byr boka på. Boka tek såleis for seg plante- og dyrelivet, men og den langvarige menneskelege aktiviteten i området, buplassar frå steinalderen, fjellgardane, seterdrifta, jakt og fangst og turismen. Boka er ei hylling til fjellheimen og ein dokumentasjon av kvifor store deler av området i 2004 fekk status som  nasjonalpark. Jostein har dyktige fagfolk med seg på laget: Tor Helge Gravem, John Bjarne Jordal, Nils Torske, Yngve Rekdal og Tor Erik Jenstad, alle sønndalingar med eit brennande engasjement for eit fjellområde som fortener ei bok – og ei god forvaltning for framtida. Utgjevar: Samlaget.

Olympiade der Käse aus den Bergen

Stadig fullt framfor den norske hytta. Her blir Ingunn intervjua direkte på den store TV-kanalen ARD Bayerische Rundfunk, med det resultatet at enda fleire kom for å smake dei norske oste-spesialitetane.
Stadig fullt framfor den norske hytta. Her blir Ingunn intervjua direkte på den store TV-kanalen ARD Bayerische Rundfunk, med det resultatet at enda fleire kom for å smake dei norske oste-spesialitetane.

Nyleg vart Herdalsosten presentert under olympiaden for fjellost i Oberstdorf i Tyskland. På kort varsel reiste Åshild og Jostein og dotra Ingunn sørover – søkklasta med både eigne ostar og ost frå Gammelsetra i Grøvudalen og Torbuvollen i Sunndal (Seterlandet Sunndal www.seterlandet.no) – og i tillegg Snøfrisk og brunost frå Tine. I Oberstdorf slutta tidlegare Herdalsbudeie Ursula Offenberger seg til troppen. – Alt av ost og informasjon vart svært godt motteke, og den norske bua – med skiltet ”Alm Herdalssetra – West-Norwegen” hadde vært godt besøk, også av fleire TV- og radiokanalar. Dei tre dagane med fjellost-olympiade samla kring 50.000 besøkande i skibyen – og programmet omfatta fleire seminar, ekskursjonar, fesjå, konsertar og ein store parade gjennom gatene.

Etterpåmeldt – blant over 700 andre deltakande ostar – oppnådde brunosten frå Herdalssetra 19,1 av 20 oppnåelege poeng. Ikkje medalje, men god poengplass vart altså dommen frå den store juryen (85 dommarar). Sjølv med dryg overlast på flyet heldt det ikkje med berre seterprodusert ost, det høvde godt å presentere liknande produkt frå Tine: Snøfrisk smørbar og fast, Ekte geitost (brun) og Ski-Queen (G35). Og at desse produkta har ein marknad også ute er sikkert. Noreg og norsk ost har god klang i Tyskland. ”I love Norway, brunost and Ole Einar Bjørndalen”, vart det ropt. Snøfrisk blir produsert i Ørsta, av mjølk frå geit på Sunnmøre og i Nordfjord som beiter i flogfjell, og det er verdt å merke seg at merkevara Snøfrisk har slik kraft at brunosten frå Herdalssetra i dei høgtidelege dokumenta frå juryen vart kalla ”Snofrisk brown”!