23. september var det slutt på ein lang og god setersommar for geitene våre. To dagar seinare la snøen ….Godt over tre månader fekk Dale-geitene på setra i år! Dei fleste var ivrige på heimturen, andre dukka ikkje opp til siste mjølkinga. Dermed måtte eldste «gjetarguten» (Jostein) leggje i veg for å finne dei…. med knall og fall som resultat, og avrevne musklar i skuldra som resultat. Dei 9 kilometrane heimover gjekk så det bles, og i eit forsøk på å kome framom dei ivrigaste unggeitene gjekk det hard ut over venstre akilles på nemnde gjetargut…. Ja, det er vel ein del av «seterkulturen» dette og!
Les meir om Norsk og svensk seterkultur skreve inn på lista over verdas kulturarv









