Mangesysleri

aa_j

Åshild Dale og Jostein Sande har vore – og er – engasjert i mangt og mykje også utanom gard og seter. Båe skriv og har levert artiklar til tidsskrift og blad – og større og mindre bolkar til bøker.

Åshild fotograferer mykje og har eit rikhaldig fotoarkiv som også andre nyter godt av. Jostein er faghistorikar og har m.a. skreve fleire bygdabøker – Sunndalsboka bd.6-8: Tid som var 1981, Tid i endring 1984 og Tidsskifte 2000 (til saman bygdahistoria frå steinalder til 1980-åra) og Stordalsboka bd. 1 – Skiftande tider (steinalder til 1920). Jostein var elles medforfattar i boka Dovrefjell (Grøndahl-Dreyer 1994).