Alle innlegg av 6214Herdal

Visualisering av landskapsendringar

Sist sommar møtte vi Oskar Puchmann på Herdalssetra, der han med utgangspunkt i gamle foto, somme godt over 100 år gamle, tok nye bilete av stølen.

Oskar Puschmann
Oskar Puschmann

Oskar Puschmann, er landskapsgeograf og seniorrådgivar ved Norsk institutt for skog og landskap, landskapsseksjonen. Puschmann har jobba med norske jordbrukslandskap sidan 1988, og har sidan 1994 hatt ansvar med å vidareutvikle eit nasjonalt referansesystem for landskap. Dei siste åra har han arbeidd mykje med visualisering av landskapsendringar, særleg gjennom refotografering av gamle landskapsfotografi.

Puschmann ga i 2006 ut boka Tilbakeblikk – Norske landskap i endring på Tun forlag saman med Wenche Dramstad og Ragnhild Hoel. Det er også oppretta ein eigen nettstad for endringsbileta i samarbeid med Norsk Folkemuseum.

Herdalssetra 1905 og 2014. Ein haug ovanfor stølen er kalla Geitakyrkja og har vore samlingsplass i lang tid. Kring 15 gardsbruk har setra her, og framleis er det kring 35 hus med smått og stort. Foto: Peder Krohn (1905) og Oskar Puschmann, Skog og landskap.  Statistar og budeier frå  venstre Maja Emilsson, Sverige, Corinna Pötzelsberger, Austerrike, Nailoke Shilunga, Namibia, Anika Kaserer, Austerrike og Jostein Sande, Norge.
Herdalssetra 1905 og 2014. Ein haug ovanfor stølen er kalla Geitakyrkja og har vore samlingsplass i lang tid. Kring 15 gardsbruk har setra her, og framleis er det kring 35 hus med smått og stort. Foto: Peder Krohn (1905) og Oskar Puschmann, Skog og landskap.
Statistar og budeier frå venstre Maja Emilsson, Sverige, Corinna Pötzelsberger, Austerrike, Nailoke Shilunga, Namibia, Anika Kaserer, Austerrike og Jostein Sande, Norge.

Tenk klima

Transport og anna energiforbruk har store konsekvensar for klimaet – og dermed naturen og miljøet som omgir oss.

Vi kan alle gjere vårt for å endre/snu utviklinga!

Meir informasjon om klimautfordringane, klimakvotar m.m. finn du på www.sft.no, www.minkvote.no , www.gronnhverdag.no og www.utviklingsfondet.no

Verksemda vår har avgjeve ”klimaløftet” – og dei måla som ligg i dette samsvarar med dei måla vi har for drifta og dei haldningane vi formidlar gjennom produkta våre. Sjå: www.klimaloftet.no

Vi nyttar mest mogeleg energi frå fornybare kjelder, m.a. straum med opphavsgaranti – og vi kjøper klimakvoter for den ikkje-fornybare energien vi nyttar i drifta (t.d. til motorkøyrety og reiser).