Glimt frå sommaren 2019

Setersommaren 2019 var god både for dyr og folk. Etter litt heft med tekniske utfordringar fekk vi geitene til seters 19. juni. Da kunne vi også ynskje dei første gruppene med turistar velkomne til støls. Beita var gode og geitene leverte mykje og god mjølk. Målet var å vera på setra til sist i september, men veret slo seg vrang midt i september. 16. september bar det heimatt, med snø langt ned i liene var det ikkje anna råd. Etter den tid tok vi imot gruppene av turistar heime, dei siste så seint som 20. oktober. No er alle dyra inne, vi bur oss på vinteren – og ser fram til ein sommar te  . . .