Ei reise tilbake i tid

afrikaBiletet vårt av Afrika inneheld gjerne mest tørke, krig, fattigdom og svolt, berre ispedd praktfulle soloppgangar og solnedgangar. Men kjem ein dit, finn ein fort ut at biletet er så mykje meir mangfaldig, eit enormt kontinent som eigentleg har alt å by på.
Og Etiopia, som vi var så heldige å kome til, er neppe det minst mangfaldige landet i Afrika, enormt stort i areal og med eit folketal som har passert 80 millionar.
Les artikkel frå Storfjordnytt (pdf)

 

Snøfrisk – the story

friskSommaren 2007 var Herdalssetra arena for fotografering og filming i samband med Tine si nysatsing på Snøfrisk-osten. Resultatet er reklamefilm, nytt brosjyremateriell og boka om Snøfrisk på norsk, engelsk, tysk og snart russisk! Gjennom samarbeidet med Tine BA har Åshild og Jostein levert fakta og informasjon om geita og geithaldet, og hjelpt til praktisk i samband med filminga og fotograferinga i Herdalen.

Sunndalsfjella – fjell og folk

Frå venstre: Yngve Rekdal, Tor Helge Gravem, Jostein Sande, Beate Homlong, redaktør i Samlaget, John Bjarne Jordal og Nils Torske. Tore Erik Jenstad hadde ikkje høve til å vera tilstades.
Frå venstre: Yngve Rekdal, Tor Helge Gravem, Jostein Sande, Beate Homlong, redaktør i Samlaget, John Bjarne Jordal og Nils Torske. Tore Erik Jenstad hadde ikkje høve til å vera tilstades.

Jostein er elles bokaktuell i haust, som initiativtakar og redaktør for boka Sunndalsfjella – fjell og folk. Sunndalsfjella på Nordmøre er eittav dei mest spektakulære fjellområda i Noreg, og del av det store fjellområdet som gjerne blir kalla det siste intakte høgfjellsøkosystemet i Europa.

Eit eineståande naturmangfald og ei spennande kulturhistorie byr boka på. Boka tek såleis for seg plante- og dyrelivet, men og den langvarige menneskelege aktiviteten i området, buplassar frå steinalderen, fjellgardane, seterdrifta, jakt og fangst og turismen. Boka er ei hylling til fjellheimen og ein dokumentasjon av kvifor store deler av området i 2004 fekk status som  nasjonalpark. Jostein har dyktige fagfolk med seg på laget: Tor Helge Gravem, John Bjarne Jordal, Nils Torske, Yngve Rekdal og Tor Erik Jenstad, alle sønndalingar med eit brennande engasjement for eit fjellområde som fortener ei bok – og ei god forvaltning for framtida. Utgjevar: Samlaget.